Om Nasjonalt villakssenter

Nasjonalt villakssenter arbeider for å spre kunnskap og skape engasjement for laksen. Den er vår felles arv og vårt felles ansvar.

Laksen har levd på jorda i millioner av år, men menneskets bruk av laksen og naturen har ført til at det ikke er så mye villaks igjen i elvene våre. Skal laksen være med oss i framtida må alle kjenne til og bry seg om laksen.

Vi ønsker at barn og unge, så vel som voksne, skal bruke våre nettsider til å bli litt klokere. I tillegg kan du besøke oss i Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana.

 
Bilde av barn som ser på dissekering av fisk

Foto: Nasjonalt villakssenter

Bilde av barn som ser på laks i laksetrappa i Kvåsfossen, Lyngdal

Foto: Line Fjeldheim Fagerhol

 
 

Formål, rolle og oppgåver

Stiftelsen er ein allmennyttig stiftelse etter stiftelseslova. Stiftar er staten ved Miljødirektoratet. Nasjonalt villakssenter blei formelt stifta 23. desember 2019, då godkjenning frå Brønnøysundregistera og Lotteri- og stiftelsestilsynet låg føre.

Visjon

Nasjonalt villakssenter sin visjon er: Villaks – felles arv – felles ansvar!

Det er ingen som eig villaksen, men han er vår. Han blir dermed også vårt felles ansvar. Felles forståing og kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å samle kreftene og ta vare på villaksen. Dette er brua vi skal bygge. Då er vi avhengige av tillit. Det må vere samsvar mellom ord og handling over tid, kommunikasjonen skal vere ærleg, og det skal vere klart for alle kva vi står for.

Formålet er å:

  • formidle kunnskap om livet til villaksen, utfordringar og trugsmål

  • bidra til bevaring og berekraftig utnytting av villaksstammene og leveområda deira

  • leggje til rette for dialog, kommunikasjon og samhandling mellom aktørar med interesser som påverkar villaks og leveområda deira

Villaks

Villaks betyr i denne samanhengen atlantisk villaks, sjøaure, sjørøye, namsblank og byglandsbleke.

Rolla er å vere ein kunnskapsformidlar i skjeringspunktet mellom forsking og forvaltning, ei kjelde til kunnskap, eit senter for læring og kompetanseutvikling og ein arena for dialog og samhandling.

Hovudoppgåva er å leggje til rette og formidle relevant kunnskap om villaksen til ulike målgrupper. Barn og unge er ei særleg viktig målgruppe.

Stiftelsen er landsdekkjande med einingar i kommunane Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana.

Mål

Hovudmålet vårt er at villaksen skal bli sterkare målt i medvit, engasjement og dialog blant folk. Dette skal på lang sikt gi fleire levedyktige laksestammer.

 

Utfyllande informasjon finn du ved å klikke her for å se strategiplanen vår.